Vil du bli med i Bondens bord?

 

Foto: Emile Holba for Fjellnettverket

Driv du gardsbruk i fjellet? Likar du å lage mat og formidle gode historier? Produserer du eigne råvarer? Då er dette sjansen for deg!

Fjellnettverket søkjer engasjerte gardbrukarar til den nye serveringsordninga Bondens bord – ei unik moglegheit til å tilby gjester autentiske matopplevingar heime hos seg sjølv.

Kvifor Bondens bord?
Reisetrendane endrar seg – stadig fleire vil oppleve det ekte og det lokale. På Færøyane har ordninga Heimablidni blitt ein stor suksess. No byggjer vi vidare på denne ideen i Noreg, og erfaringane så langt er fantastiske!

Vi ynskjer oss:

  • gardsbruk frå fjellkommunane i Innlandet, Buskerud, Telemark og Agder

  • at serveringa har utgangspunkt i eit gardsbruk

  • at maten lagast og serverast i eige kjøken eller stove

  • at eigne eller lokale produkt er utgangspunkt for menyen

Dette får du:

  • Tilgang til eit aktivt nettverk

  • Tilbod om ulike kurs og møteplassar

  • Synleggjering av ordninga og de som er med

  • Nettverk av fagfolk og gode hjelparar

  • Praktisk hjelp til å kome i gang

Vil du vere med?
Fyll ut søknadsskjema her:

Søknadsskjema Bondens bord

Har du spørsmål? Kontakt prosjektleiar Elin Halland Simensen i Fjellnettverket.

 
Forrige
Forrige

Ung fjellbonde 2025

Neste
Neste

Fjøssafari Oppdal